Veterinærkontoret AS flytta i 2013 inn i eit nyoppført bygg i Saunesmarka i Ulsteinvik. Klinikken har sidan oppstart fortløpande utvikla seg og utvida tilbodet sitt. 4 veterinærar, 1 dyrepleier og 5 assistentar er tilknytt klinikken og jobbar kvar dag for å gje våre kundar ei god oppleving og for å være den føretrekte veterinærtenesta i området.
Klinikken er velutstyrt med 3 ulike undersøkingsrom, eigne rom for operasjonar, klipp, tannbehandling, røntgen, separate oppstallingsrom for katt og hund mm. Klinikken investerer fortløpande i nytt utstyr for å utvikle seg vidare og for å skape ein god arbeidsplass for sine medarbeidarar.
Veterinærar tilknytta klinikken køyrer i tillegg produksjonsdyr- og hestepraksis.
Utanom våre opningstider har veterinærane akuttvakt.
Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne til oss!
Veterinær/ Daglig leiar
Eigar og drivar av Veterinærkontoret AS. Uteksaminert frå Noregs Veterinærhøgskole i 2005. Henriette er ein erfaren kombipraktikar med spesiell interesse for produksjonsdyr, hest og hudutredninger. Er ellers tobornsmor og har blandingshunden Samba.
Veterinær
Rikke ble uteksaminert fra University of Veterinary Medicine and Pharmacy in Kosîce juni 2021. Siden har hun vært innom både et sommervikariat på Otta, og Jessheim Dyreklinikk. Hun tilbringer gjerne fritida si ute med hundene Senja og Nimbus.
Veterinær
Mari begynner på Veterinærkontoret i mars 2021
Aut. Dyrepleiar
Birthe har jobba hos oss sidan 2014. Ho er utdanna dyrepleiar frå Norges Veterinærhøgskolen. Ho har og ei bachelorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Interesseområder: anestesi, adferd og kundebehandling. Heime har ho ein flokk med villsau og mittelspitzen Sina.
Assistent
Olaug har jobba hos oss sidan 2009 og har ein variert bakgrunn fra bla. biologi/etologi-studier på NTNU i Trondheim og New Zealand. Interessefelt: tannbehandling, anestesi og smertebehandling. Heime på småbruket har ho storpuddelen Zelda, katten Tussi, ein flokk villsauer og nokre høner.
Assistent
Karen Marie byrja å jobbe hos oss i 2013 og er utdanna innen salg og service. Ho er oppvokst på ein gard med storfe og har alltid hatt ein stor interesse for dyr. Heime har ho for tida ein huskatt, ein italiensk mynde og ein whippet.
Assistent
Anna byrja hos oss i 2017. Ho er utdanna Helsesekretær. Interessefelt: ernæring og diett. Sjølv har Anna ein katt og hund.
Assistent
Ine har jobba hos oss sidan sommaren 2019. Interesseområder: kundebehandling, tannbehandling og laboratoriearbeid. Heime har ho hunden Bea og katten Mia.
Assistent
Tamara begynte hos oss sommeren 2021. Du treffer henne i resepsjonen og sammen med veterinærene. Interesseområder: kundebehandling og tannbehandling.
© echo date(Y);?> - Veterinærkontoret AS | All rights reserved
Org.nr: 912 179 427 | Personvernerklæring
Levert av Fantastiske Osberget