Veterinærkontoret AS flytta i 2013 inn i eit nyoppført bygg i Saunesmarka i Ulsteinvik. Klinikken har sidan oppstart fortløpande utvikla seg og utvida tilbodet sitt. 4 veterinærar, 1 dyrepleier og 5 assistentar er tilknytt klinikken og jobbar kvar dag for å gje våre kundar ei god oppleving og for å være den føretrekte veterinærtenesta i området.
Klinikken er velutstyrt med 3 ulike undersøkingsrom, eigne rom for operasjonar, klipp, tannbehandling, røntgen, separate oppstallingsrom for katt og hund mm. Klinikken investerer fortløpande i nytt utstyr for å utvikle seg vidare og for å skape ein god arbeidsplass for sine medarbeidarar.
Veterinærar tilknytta klinikken køyrer i tillegg produksjonsdyr- og hestepraksis.
Utanom våre opningstider har veterinærane akuttvakt.
Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne til oss!
Veterinær/ Daglig leiar
Eigar og drivar av Veterinærkontoret AS. Uteksaminert frå Noregs Veterinærhøgskole i 2005. Henriette er ein erfaren kombipraktikar med spesiell interesse for produksjonsdyr, hest og hudutredninger. Er ellers tobornsmor og har blandingshunden Samba.
Veterinær
Sunniva ble uteksaminert fra NMBU veterinærhøgskolen i Oslo, 2017. Har jobba på Veterinærkontoret sidan endte studier. Interesseområder: Tenner og indremedisin. Sjølv har Sunniva storpuddelen Santo.
Veterinær
Moldejente som blei uteksaminert frå University of Veterinary Medicine, Budapest i februar 2019. Tok deretter med seg sine to blandingshundar på flyttelasset til Ulsteinvik. Har tatt fatt på den store drøymen om å jobbe som veterinær. Interesseområder: produksjonsdyr, kirurgi og salg/markedsføring,
Assistent
Anna byrja hos oss i 2017, og er for tiden i full sving med utdanninga som Helsesekretær. Interessefelt: ernæring og diett
Sjølv har Anna ein katt og hund som ho tilbringer mykje av fritida med.
Aut. Dyrepleiar
Birthe har jobba hos oss sidan 2014 og er utdanna dyrepleiar frå Norges Veterinærhøgskolen. Ho har og ei bachelorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Ho bur saman med familien, ein flokk med villsau og mittelspitzen Sina. Interesseområder: anestesi, adferd og kundebehandling.
Assistent
Olaug har jobba hos oss sidan 2009 og har ein variert bakgrunn fra bla. biologi/etologi-studier på NTNU i Trondheim og New Zealand. Interessefelt: tannbehandling, anestesi og smertebehandling.
Ho bur på eit småbruk med familien og storpuddelen Zelda, katten Tussi og ein flokk villsauer.
Assistent
Karen Marie byrja å jobbe hos oss i 2013 og er utdannet innen salg og service. Ho er oppvokst på ein gard med storfe og har alltid hatt ein stor interesse for dyr.
Heime har ho for tida ein huskatt og ein italiensk mynde.
Assistent/ Resepsjonist
Olivia byrja hos oss i januar 2019 og bestod fagprøva i resepsjonsfaget hos Thon Hotel Fosnavåg, våren 2018.
Ho bur på Eiksund med familien på tre og samojeden Alaska. På fritida er ho glad i å tilbringe tiden i naturen. Interesseområder: Kundebehandling, salg & service.
Assistent/Resepsjonist
Ine har jobba hos oss sidan sommaren 2019. For tida går ho på vidaregåande og vert å finne i resepsjonen hovedsakleg på kveldstid. Interesseområder: kundebehandling.
Assistent/Resepsjonist
Sofie byrja å jobbe hos oss sommaren 2017 og drøymer om å verte veterinær. Ho går for tida på idrottsstudier på Noregs Idrettshøgskule og vert å finne i resepsjonen når ho er heime i feriar.
© echo date(Y);?> - Veterinærkontoret AS | All rights reserved
Org.nr: 912 179 427 | Personvernerklæring
Levert av Fantastiske Osberget