Kjæledyr

Vi ønskjer å gje våre kundar ein god oppleving og bli kunden si føretrekte veterinærteneste. Det betyr at vi må levere både ovanfor dyret og ovanfor deg som eigar.

Ein romsleg klinikk gir oss moglegheiter! Vi har ulike undersøkingsrom, eigne rom for operasjonar, klipp, røntgen og separate oppstallingsrom for katt og hund. Sjølv om klinikken er velutstyrt i dag, investerer vi fortløpande for heile tida å vidareutvikle oss. 

Nokre av tenestene vi utfører ved klinikken
Når du kjem til klinikken ber vi deg fylle ut eit skjema som omhandlar dyret ditt. Skjema er for å gje dyret ditt best mogeleg behandling.

Vi tek gjerne i mot dyret tidleg om morgonen, stallar det opp før og etter undersøking, slik at du som eigar kan hente dyret ved avtalt tid mot slutten av dagen.

Klinisk undersøking
Vi tek alltid ei grundig klinisk undersøking først. Undersøkinga skjer på eit av undersøkingsroma der veterinæren avdekkjer og identifiserer dei ulike problemstillingane. Nokre gonger vil eigar måtte hjelpe med å halde dyret. 

Operasjonar
Veterinærkontoret har eige operasjonsrom som gjer det mogeleg å gjennomføre ulike operasjonar. Vi utførar i dag lettare operasjonar. Dersom det er behov for operasjoner som vi ikkje tilbyr, henviser vi vidare til ein anna klinikk.

Ultralyd
Vi tilbyr også ultralyd undersøkingar.

Røntgen
Nokre gongar er røntgen naudsynt for diagnostiseringa. Vi har eige tannrøntgenutstyr som vi nyttar i samband med tannbehandling. For andre røntgenundersøkingar har vi eige røntgenrom med digital framkallar. Vi gjer merksam på at røntgenrommet har eigne reglar som gjeld både medarbeidarar og besøkande.  Røntgenrom er merket og retningslinjer står på ei tege oppslag.

Tannbehandling
Vi har eige tannbehandlingsrom der vi tilbyr ulike tannbehandlingar. Vi fjernar tannstein, trekkjer tennar, polerer mm. Vi gir også råd og vegleiing om god tannhygiene for dyr. Sjå også våre tannprodukt (salsvarer).

Blodanalyse
Veterinærkontoret har eige laboratorium der vi utførar ulike laboratorietenester. Utvida analysar vert sendt vidare til eksterne laboratorier. 

Vaksinasjon
Vi utførar ulike vaksinasjonar på kjæledyr.

Vær merksam på at dersom du og dyret ditt skal reise til utlandet finst det særskilte reglar for landet du skal til. Nokre vaksiner må setjast i god tid før avreise. Det er viktig at ein set seg inn i reisereglande i god tid før avreise. Sjå reisereglar på mattilsynet.no (ekstern lenke).

ID-merking
ID-merking er ein chip som plasserast under huda i nakkeregion på dyret. Merking kan gjennomførast på våken hund/katt. Veterinærkontoret nyttar godkjende ID-chip. Vi anbefaler at alle dyr ID-merkast. Merka dyr registrerast hjå DyreID som er eit søkbart register på nett.

Pass
Du får utskreve pass til dyret ditt hjå oss. For å kunne skrive ut pass må dyret ha ID-chip. Se også ID-merking.

Klipp hund/katt
Vi utfører klipp på hund/katt under bedøvelse på eige rom for klipp av dyr.

Kloklipp
Kloklipp utførast av veterinær, dyrepleiar eller assistent. Dersom bedøving er naudsynt, utfører veterinæren dette.

Vegleiing i stell og fôring
Veterinærkontoret sel kvalitetsfôr frå Specific og Hills. Begge produsentar er anerkjente og tilbyr ulike velprøvde og dokumenterte fôr. Vi tilbyr våre kundar vegleiing i stell og fôring

© - Veterinærkontoret AS | All rights reserved
Org.nr: 912 179 427 | Personvernerklæring
Levert av Fantastiske Osberget

Scroll to Top